Velkommen til Rallybloggen!

Her vil det komme treningstider, kurs, rapportar frå treningar, kurs, konkurransar o.s.v

fredag 3. februar 2012

Superkjapt referat fra årsmøtet i NRL

I fjor var eg på mitt første årsmøte i NRL, og då var me 8-10 oppmøtte. I år skulle me stemme over forslaget frå Arbeidsgruppa som går ut på massive endringar i regelverket. Eg var med i den gruppa, og har hatt som personleg agenda å få vekk så mange diskar som mogleg. Eg ønskte at det skulle vera mogleg å heller få ein låg poengsum, i stadenfor dei fire ekle bokstavane;  D I S K.

Rundt juletider blei forslaga våre sendt ut for gjennomlesing til alle som har oppdaterte mailadresser hjå NRL. Blant anna vil det ikkje lenger føre til disk om hunden blir sitjande att i vri xx grader -øvelsane. Istaden blir det innført eit nytt trekk: IT- Ikke tilfredsstillende. Dette trekket erstatter ein god del av dagens DISKar, og eg oppfordrer ALLE som trener rally, eller har tenkt å konkurrere til å lese NØYE gjennom det nye regelverket når det er klart.

På årets årsmøte var me heile 23 oppmøtte, og møtet varte frå klokka 15:00 til nesten 21:00! Lynkorte pausar og ca 20 minutters pizzapause omtrent midt i, ellers var diskusjonar og enighet jevnt fordelt.

Eit par øvelsar blir flytta, deriblant "Stå - gå i fra - berør" i klasse 2. Den kjem nå ikkje før i klasse 3.

Meeeeeen, eg skal ikkje ramse opp alle endringane her, det blir altfor omfattande. Eg ville berre gi ein aldri så liten heads up om at det kjem nokså store endringar i det nye regelverket. Er noko uklart, nøl ikkje med å spørje! :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar