Velkommen til Rallybloggen!

Her vil det komme treningstider, kurs, rapportar frå treningar, kurs, konkurransar o.s.v

torsdag 26. april 2012

Overgongen frå Klasse 1 til Klasse 2

For mange er det ein høg terskel å gå frå Klasse 1 til Klasse 2 fordi ein skal ta av alt av band og selar og ha hunden heilt laus i heile banen.
Mange hundar har funne ut at når halsbandet, bandet eller selen kjem av, er det bare å springe i veg, for då skal me på tur og kose oss! Men ein kan jo ikkje halde seg i Klasse 1 i evigheter, heller, så her kjem eit tips til korleis du kan begynne å trene på å ha hunden laus.


Ha på både sele og halsband. Har du ein hund som piler avgårde så snart den er laus, kan du ha langline festa i selen, og eit vanleg band festa i halsbandet.
På trening, gjerne i starten av ein bane, ta av bandet og halsbandet, og jobb med å halde fokuset til hunden. Det kan hende du må jobbe hardt for å få det til, og det kan hende at det ikkje er noko problem i det heile.

Gå nokre skilt, og jobb hardt med å behalde fokuset. Skulle hunden vise tendenser til å stikke av, så har du jo alltids langlina å hanke den inn igjen med, så slapp av og tenk at dette går heilt fint.

Etterkvart som dette går greit, tilfør forstyrrelsar som vil finnas på konkurranse: andre hundar, dommar i banen, hundar som leiker med eigarane sine, ein joggar som spring forbi, o.s.v. Tren i så korte økter at du klarer å halde fokuset til hunden.
Skilta du går, må kun gå i ei retning så ikkje lina viklar seg inn i kjegler og skiltholdarar og skremmer hunden.

For kvar gong du starter om att, fest bandet og halsbandet på hunden, sånn at den venner seg til at du tar av både halsband og band. Når du føler deg trygg nok, tar du av langlina frå selen.

Nå kan du begynne å gå fleire og fleire skilt utan band og halsband men med sele. Gjenta prossessen med å ta av halsbandet om igjen og om igjen ved startområdet. Kvar einaste økt skal innehalde det å ta av bandet OG halsbandet.

Når du igjen begynner å føle deg trygg på at du klarer å halde fokuset til hunden hjå deg, kan du starte treningsøkta med kun halsbandet på. Ingen forstyrrelsar. Gjer dei same tinga som du har gjort heile tida, før du kjem til startområdet, og når du kjem dit, fjernar du bandet og halsbandet på same måte som tidlegare. Gå nokre få skilt, sett bandet på hunden og klapp deg sjølv på skuldra fordi du har kome så langt som at du kan gå nokre få skilt HEILT UTAN BAND!!

Legg til forstyrrelsar igjen medan du går nokre skilt med heilt "naken" hund, og sakte men sikkert vil du bli så trygg på tingenes tilstand at du er klar for å gå ein heil bane på konkurranse!

Og sjølv om du ikkje har starta i Klasse 1 endå, er det ALDRI for tidleg å starte trening utan band!

Lukke til!



*Kari Anne*

fredag 3. februar 2012

Superkjapt referat fra årsmøtet i NRL

I fjor var eg på mitt første årsmøte i NRL, og då var me 8-10 oppmøtte. I år skulle me stemme over forslaget frå Arbeidsgruppa som går ut på massive endringar i regelverket. Eg var med i den gruppa, og har hatt som personleg agenda å få vekk så mange diskar som mogleg. Eg ønskte at det skulle vera mogleg å heller få ein låg poengsum, i stadenfor dei fire ekle bokstavane;  D I S K.

Rundt juletider blei forslaga våre sendt ut for gjennomlesing til alle som har oppdaterte mailadresser hjå NRL. Blant anna vil det ikkje lenger føre til disk om hunden blir sitjande att i vri xx grader -øvelsane. Istaden blir det innført eit nytt trekk: IT- Ikke tilfredsstillende. Dette trekket erstatter ein god del av dagens DISKar, og eg oppfordrer ALLE som trener rally, eller har tenkt å konkurrere til å lese NØYE gjennom det nye regelverket når det er klart.

På årets årsmøte var me heile 23 oppmøtte, og møtet varte frå klokka 15:00 til nesten 21:00! Lynkorte pausar og ca 20 minutters pizzapause omtrent midt i, ellers var diskusjonar og enighet jevnt fordelt.

Eit par øvelsar blir flytta, deriblant "Stå - gå i fra - berør" i klasse 2. Den kjem nå ikkje før i klasse 3.

Meeeeeen, eg skal ikkje ramse opp alle endringane her, det blir altfor omfattande. Eg ville berre gi ein aldri så liten heads up om at det kjem nokså store endringar i det nye regelverket. Er noko uklart, nøl ikkje med å spørje! :-)


torsdag 26. januar 2012

Rallystevne i Kristiansand 28. april!

Ja, 28. april braker det laus med tidenes første Rallystevne på Sørlandet, og det hadde vore jysla kjekt å få maaaange påmeldingar fra Rogaland!

Her er informasjon om kven, kva, kor, og korleis: Vennesla Hundeklubb


Treningen starter opp igjen - spre ordet :)

Da ser det endelig ut til at vi får et sted å trene - og holde kurs :)
Jeg har tenkt at hvis alt går etter planen så starter treningen opp igjen 7 februar :))
Vi er nødt til å bytte dag, men jeg håper likevel mange vil komme. Sted og klokkeslett kommer jeg tilbake til så fort jeg får en endelig bekreftelse på at alt er i orden.
Interessert i nybegynner eller videregående Rally Lydighetskurs, bes kontakte meg på mail ghfossum@gmail.com vi starter sannsynligvis opp etter vinterferien :)

søndag 8. januar 2012

Tips til treningsplass?

Hvis det er noen som vet om ett sted der vi kan trene, så starter treningene opp igjen med 1 dag i måneden - som en start. Dette vil ikke koste noe - med mindre vi må betale for plassen. Jeg vil da også  holde både nybegynner og videregående Rallykurs!

Så gi meg beskjed hvis dere vet om noe.